PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ønskjer hjelp av frivillige!

Dei frivillige er i alle aldrar og med vidt forskjellig bakgrunn, og dei er tilknytta ein organisasjon.  Kva du treng hjelp til veit du best sjølv. 
Dømer på oppgåver kan vere:

  • Ein turvenn
  • Å gå på kino/teater eller lignande med nokon
  • Flyktningguide/ venn med ein flyktning
  • Besøksvenn
  • Besøksvenn med hund
  • Ein venn som kjem og leser for deg
  • Lære data / datahjelp
  • Og mykje meir

Kontakt oss, for meir informasjon om kva frivillige aktivitetar vi har oversikt over.

Sidan alle jobbar frivillig kan vi IKKJE garantera at alle får den hjelpa dei ber om. Husk at dei frivillige er vanlege menneskjer som ikkje har kompetanse på alt, men er først og fremst eit medmenneske.

Teieplikt

Alle dei frivillige skal signere teieplikserklæring. Er man frivillig i arbeid med barn og unge, skal den frivillige ha politiattest.

Målgruppe

Målgruppa er alle innbyggjare som ynskjer den hjelp som frivillige lag og organisasjonar kan tilby.