Flora Frivilligsentral fekk 300 000,- av Flora bystyre til arbeidet mot å redusere sosiale skilnader blant barn og unge.

Flora bystyre ønska i tillegg å opprette eit eige fond med årlege bidrag i arbeidet mot barnefattigdom for å sikre at frivilligsentralen har meir forutsigbare rammer.

I mai vart det kjent at frivilligsentralen fekk avslag på søknaden frå Barne, ungdom og familiedirektoratet (BufDir) -Vi er kjempeglade for bevilgninga frå Flora bystyre som betyr at vi kan fortsette det gode arbeidet med m.a. fritidserklæringen og ferietilbod i feriane. Vi fekk i tillegg 150 000,- etter at vi klaga til BufDir, så no er det berre å sette igang og skape masse gode opplevingar for både barn og familiar. Vi gler oss til hausten!

2019 © Flora frivilligsentral