Oppstart av ny møteplass for kvinner på dagtid i Røde Kors

Flora Røde Kors Omsorg i samarbeid med Flora Frivilligsentral inviterer kvinner som er heime på dagtid til ein sosial og aktiv møteplass! Kvar måndag klokka kl. 1200 - 1400 på Røde Kors - huset i Florø. Første samling blir måndag 11. november!

Vi ser behov for eit tilbod for kvinner som er heime på dagtid, der dei kan møtast, ta opp forskjellige tema, lage god mat og byggje eit sosialt nettverk. Målet er å skape eit trygt sosialt forum for kvinner der dei kan:

  • byggje sosialt nettverk og oppleve tilhøyring i eit dynamisk fellesskap
  • kan dele kvardagslege opplevingar og drøfte aktuelle saker i nærmiljøet.
  • får tur og kulturopplevingar saman med andre.
  • få oppdatert kvarandre om ting som skjer av aktivitetar i nærmiljøet
  • få inspirasjon til å vere med på fleire aktivitetar i kvardagen


Vi vil ha fokus på servering av god mat, gjerne som blir laga på møteplassen.


Kontakt Siri Laquian Stavang: 45877783/ siri.stavang@flora.kommune.no eller Bente Nilsen: 90222692/ bente.nilsen@flora.kommune.no dersom dere har spørsmål eller har lyst å bli frivillig på denne aktiviteten. Som frivillig i Flora Røde Kors får du muligheit til opplæring, delta på kurs og faglege samlingar og kjekke aktivitetar i sosialt fellesskap. Les meir om fellesskap og inkludering her.

2019 © Flora frivilligsentral