Velkommen til alle som vil vite meir om frivilligheit i Omsorg!

Frivillig engasjement er med å skape gode lokalsamfunn, å førebygge og skape gode kvardagar for mange! Difor vil vi no invitere dei frivillige organisasjonane! Vi møtes på Havglytt 21. november klokka 1900.

Vi veit at det skjer mykje, men vi har ikkje full oversikt over alle gode aktivitetar og arrangement som finns. 

Kan vi skape aktivitetar for fleire generasjonar og kulturar? Korleis kan vi løfte det frivillige samarbeidet i eldreomsorga? 

Kva aktivitetar har eigentleg dei frivillige organisasjonane for seniorar? Kva aktivitetar er det behov for i eldreomsorga, og kva kan frivillige organisasjonar bidra med? Saman kan vi få til mykje! Velkommen!

2019 © Flora frivilligsentral