Velkommen til gratiskino i vinterferien!
Husk å vere tidleg ute. Det er mange som vil på kino! Sjå plakat for meir informasjon.Del på:
-
Flora Røde Kors gir julegleder til 200 barn!
Tusen takk til Gjensidigestiftinga og Sogn og Fjordane Røde Kors.
-
Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge
Målet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om støtte. Søkerorganisasjonen må ha organisasjonsnummer på søknadstidspunktet. Søknadsfrist er satt til 13. desember!
-
Velkommen til alle som vil vite meir om frivilligheit i Omsorg!
Frivillig engasjement er med å skape gode lokalsamfunn, å førebygge og skape gode kvardagar for mange! Difor vil vi no invitere dei frivillige organisasjonane! Vi møtes på Havglytt 21. november klokka 1900.
-
Vi feirar den internasjonale FN-dagen!
Laurdag 26. oktober klokka 1730 inviterar Flora til fest der alle er invitert! Vi ønskjer å markere FN-dagen med gode opplevingar for å skape eit positivt fellesskap. Visste du at det bur folk frå nær 70 ulike nasjonar her? Les meir frå invitasjonen nedanfor.
-
Oppstart av ny møteplass for kvinner på dagtid i Røde Kors
Flora Røde Kors Omsorg i samarbeid med Flora Frivilligsentral inviterer kvinner som er heime på dagtid til ein sosial og aktiv møteplass! Kvar måndag klokka kl. 1200 - 1400 på Røde Kors - huset i Florø. Første samling blir måndag 11. november!